mandag 25. september 2017

Nok ei rolig helg på Soltun

Halloen folks!

Som vanlig går tida fort her på Soltun og nok ei helg har passert. Denna helga har det vore forholdsvis rolig på Soltun. På fredagen var me ute og jobba litt(Sagde opp tømmer og kløyvde ved).
Utpå ettermiddagen kom Hanna, Celine og Christer og me laga pizza og koste oss!



Laurdagen starta rolig med litt meir jobbing ute. Etter kvart tok Tobjørn Aa. og Børge turen innom og hjalp til med å få henta opp litt meir tømmer slik at me har meir å saga på denne veka.
På kvelden hadde me baconsurra kylling og ris til middag før møtet der Andreas Brennsæter talte til oss, og me hadde ei vitnestund på slutten. Me var ein god gjeng som koste oss med kaffi og kaker og feira to bursdagsbarn(Celine og Jens Edvin) utover kvelden.

Torbjørn Aa. Torbjørn H og Børge som frakter opp nokre trær som
er klar til saging og kløyving.

Sjølv om det er reine sommartemperaturane på dagtid så er det godt
å få litt fyr i peisen på morgonen og kvelden!

Kaker og bollar som Celine baka til Laurdagskvelden.

Litt av gjengen som var her på Laurdagskvelden.
På søndagen stakk Torbjørn, Torbjørn og Børge på Fjelltur til Segla på Senja, mens me andre blei igjen på Soltun og lagde oss middag før turen gjekk til Finnsnes og bibeltime og nattverdsmøte med Gudleik Himle. Som vanlig eit fint møte og veldig godt å væra ein del av forsamlingen der!
Etter møtet blei dagen avslutta med ein tur innom Mix kor me kjøpte oss milkshake.

Seint søndag kveld kom Nord-Norge Teamet. Dei skal væra hos oss denne veka og til helga skal dei væra med å ha møtehelg saman med Helene Kallevik! Ta gjerne turen innom, det blir meget bra!!

Takk for ei flott helg til alle som var her!

Gud velsigne dykk!
-Lars Inge, Bestyrar

Ingen kommentarer: