mandag 20. november 2017

Maling, varmepumpe og julemesse

Hei!

Denne veka har det skjedd litt av kvart på Soltun!
I løpet av veka har me fått mala ferdig gangen i kjellaren, og no driv Torbjørn på med å få på plass dei siste dørhåndtaka igjen :)
På torsdag fekk me endeleg på plass varmepumpe i stova, så då har me fått eit litt meir stabilt inneklima også!


Før

Etter


Varmepumpe!

På fredagenskvelden koste me oss med kortspel, kaffi og smultringar frå Dutta! Meget god kveld :)

Laurdagen var me ein heil gjeng som for avgårde til Nordborg for å væra med på julemessa, der var det salg av graut, kaffi, kaker og mykje anna godt. I tillegg var blei det solgte mange forskjellige heimelaga produkt. Etter kvart blei det opp til fleire åresalg og trekning av hovedboka.
Eg og Christer gjorde stort sett reint bord under basardelen :)
Då me kom tilbake til Soltun starta me opp kaffitraktaren og fann plass i sofaen. På kvelden blei det Taco, og Alf Tråsdahl kom og talte til oss ut frå Sakarjas høysang i Lukas 1. Det blei ei veldig fin samling og ein koselig kveld!

På søndagen gjekk turen tilbake til Finnsnes på søndagsmøte. Der talte Thor Fremmegård og me delte Nattverd. Då me kom tilbake igjen fyrte me opp i bålpanna og spidda pølser.
Cecilie lagar kakemenn til Julemessa


Legg til bildetekst




Bålkos!

Søndagskvelden enda med at me såg første filmen i Ringenes Herre-Trilogien
Då vil eg ynskja alle ei fin veke og Guds Signing!
-Lars Inge, bestyrar

mandag 13. november 2017

Det males!


Sist veke var Lars Inge på kurs i Kistiansand og på ferie i Oslo. Andreas og Håkon frå praksisgjengen på Fjellheim har vore her i helga og hjulpe til. 

På fredagskvelden køyrde vi til Finnsnens og var med på møte der. Etter møtet var vart vi invitert på kveldsmat hos Kristin og Svenn Magne Olufsen før vi vendte nasen mot Soltun att. 

Lørdagen var vi 5 stk. som byrja og grunne og male gangen nede på Soltun. Gangen har vore trekvit og planen no er å male den kvit. Vi fekk grunna gangen på lørdag og planen er å male den med 2 strøk i løpet av veka. På lørdagen fekk vi og besøk av ein som hadde vore på Soltun då han var i Forsvaret i Nord-Norge i 1972. Kjekt at folk kjem innom!

På kvelden var det lasange og det dukka opp nokre soldatar til. Terje talte til oss om syndefallet og dets konsekvens, at på grunn av det er vi adskilt frå Gud, og at Jesus opna ein veg heim til Gud då han døydde på krossen for våre synder. Etter møtet var det is og kaffi.

Søndagen vart ein roleg søndag. Nokon køyrde til Finnsnes for å vera med på møtet, medan andre slappa av på Soltun. Etter møter var det middag på Soltun. 

Ynskjer dykk ei god veke!
- Torbjørn 





















tirsdag 7. november 2017

Utreisehelg


Denne helga har det vore ei gruppe frå Fjellheim bibelskole som har hatt utreisehelg og har hatt møter på Soltun. Vi hadde møte fredag kveld, lørdag kveld og søndag kveld. 

Fredagen var det felles kveldsmat før vi hadde møte. På møtet tala Ole Johannes til oss om Barabas og Jesus. Jesus vart dømt, men Barabas fekk gå fri. Jesus døydde for at vi skal gå fri, for at vi skal få kome til himmelen. Etter møtet var det bollar og kaffi.

Lørdagen vart nytta på ulike vis, nokre soldatar til å leike ut i snøen, nokre var i Setermoen sentrum, medan andre slappa av. Til kveldsmat hadde vi lasange.  Lørdag kveld talte Helene til oss. Etter møtet var det brownies, is og kaffi i stova. Gruppa frå Fjellheim hadde ein quiz. 

På søndagen var det møte kl 11. der Ole Johannes talte til oss. Etter møtet var det søndagsmiddag.

Ynskjer dykk ei god veke!

-Torbjørn 



















mandag 30. oktober 2017

Første snøfall!

Denne helga reiste ein del av soldatane til Tromsø, noko som førte til at me ikkje var så mange igjen her, men me blei ein god gjeng for det! I tillegg har me fått vinterens første skikkelige snøfall og me har fått eit nydelig kvitt teppe utanfor dørane våre. Eg(Lars Inge) syns eigentleg at det berre er koselig, sjølv om ikkje alle gjerne er like einige.. Mulig at nokre av soldatane som faktisk må springe rundt i skogen kunne tenkt seg at snøen venta ei stund til med å koma. Men når det er fyr i peisen og godt og varmt inne så er det berre fint med litt snø ute.



Her på Soltun har me kun to typar laurdagar, enten så er det full rulle med mykje arbeid og ting som skjer heile tida, eller så tilbringer me heile dagen på sofaen. Denne helga gjekk me for den siste typen. Det var kun eg, Torbjørn, Hanna og Cecilie som var her så dagen gjekk med til å sjå på TV og spela brettspel. På ettermiddagen laga me litt pizza, og heldigvis blei me litt fleire utover kvelden!





På møtet var me ca 10 stk og Øystein talte til oss om Noah.
Talaren Øystein Hitland


Det var fleire som var på møtet, men frå min plass bak
mixepulten så var desse dei einaste eg fekk skikkelig bilde av.

På søndagen reiste ein gjeng til Finnsnes på ettermiddagsmøte, medan eg måtte bli igjen her sidan eg skulle spilla på Bardu Kulturråd sin Høstkonsert. Det blei ein fin kveld både på møte og konsert.

Til sist vil eg minna dykk om at det er møtehelg igjen no 3.-5. november. Det kjem ei gruppe frå Fjellheim som har ansvar for møta og Helene Kallevik og Ole Johannes Skartveit er med som talarar.
Ta gjerne turen innom og ta med nokre vener! Viss du ikkje har mulighet til det så kan du væra med i bøn for helga og soldatane her i Indre Troms!

Vil ynskja dykk Guds signing over veka!
-Lars Inge, bestyrar



mandag 23. oktober 2017

Møtehelg

Denne helga har me hatt møtehelg her på Soltun. Kristian Johansen har vore med og talt til oss. Praksisgjengen frå Fjellheim har og vore med og hjulpe til i helga.

Fredagen laga vi tomatsuppe til kvelds og rett før møtet kom det ein gjeng frå Fjellheim, i tilegg til gjengen som har praksis. Det råda ei lita stund uvisse om talaren kom til å rekke møtet, då flyet hans var forseinka, men det gjekk greit. Kristian talte til oss og praksisgjengen frå Fjellheim hadde regien på møte. Etter møtet var det kaffi og drøs i stova.

Lørdagen brukte Andreas, Håkon og eg(Torbjørn) til å gjere ein siste innsats ute før frosten og vinteren sett inn for alvor. Vi grov ferdig ei grøft og sagde ned nokre tre. ellers var det speling og avslapning. Kveldsmaten sto Fjellheim for og dei laga taco. Det kom også ein gjeng frå Fjellheim til møtet på lørdag. På møtet talte Kristian til oss og etter møtet var det vafler, leikar og kaffi.

Søndagen vart starta med ein betre frukost før vi hadde møte som Fjellheim hadde kontroll på og Kristian talte til oss om bøn og om Daniel som førebilete for oss når det gjeld bøn. Daniel gjekk tålmodig i bøn til Gud fordi han visste at Gud var den allmektige. Etter møtet vart det speling før vi åt kjøttkaker.

Takk for ei fin helg!

Guds fred
- Torbjørn