Bursdagsfeiring og God Stemning!


Sist helg var det rolig på Soltun, då var soldatane framleis ute på øvelse. Men vi var ein fin, liten gjeng som var samla til møte på lørdagen, då Trond Kristoffersen talte til oss. På søndagen køyrde vi til Finnsnes og var med på møte i misjonsforsamlinga der. Kameraet blei heilt gløymt den helga, så det er dessverre ingen bilete frå då.

På tysdag var det bursdagsfeiring for Andreas Brennsæter som fylte 23 år. Dei fleste soldatane var tilbake frå øvelse og vi var ein stor gjeng samla. Vi hadde først ei song- og delestund der vi delte bibelvers og song songar saman. Etterpå var det pizza og is.

Denne helga har det vore mykje folk på huset.
Lørdagskvelden var det taco og møte. Øystein Hitland skulle tala, men var blitt sjuk og måtte melde avbud. Difor såg vi ein tale frå UL der Sølve Salte tala om det å følge etter Jesus og Luk. 6,46-49. Etterpå var det kake og kaffi.

Søndag formiddag køyrde nokon til Finnsnes og var med på møte der. Etterpå var det gryterett til middag og sjokoladepudding til dessert. Utover ettermiddagen var det div. aktivitetar, bordtennis, film, o.l. før soldatane vendte tilbake til leir.

No er det snart påskeperm for Soltun-staben og soldatane.
Vil ynskje alle ei god påske og helse med eit sangvers:
"De trodde at Jesus var borte.
De trodde at Jesus var død.
Da kom han på stranden en morgen
som lyste rød.

Han stod midt iblant dem som alltid.
Et bål lyste opp med sin glød.
Han lot dem få fisker i garnet,
og gav dem brød.

Tro ikke at Jesus er borte.
Tro ikke at Jesus er død!
Han lever og gir oss å spise
av Livets brød."

- Torbjørn






















Kommentarer

Populære innlegg