tirsdag 10. april 2018

Finfin Soltun- helg

Då er påskeferien over for denne gong og vi er på plass på Soltun igjen.

I helga har det vore litt forskjellig som har skjedd. Det har vore Reistadløp, oppussing og møter.

Fredag kveld kom soldatane etter kvart og det var boller og kaffi.

Tidleg lørdag morgon starta Reistadløpet og fire spreke Soltun- folk var med å gjekk det lange skiløpet. Det var og ein gjeng som gjekk opp til skistadion for å sjå på, heie og grille pølser. Etter å ha sett mange av løparane passere gjekk vi tilbake til Soltun for å sjå resten av løpet på TV. Andreas Viste kom og var med og pussa opp i gangen nede. Vi reiv ut ein dørkarm, og litt anna diverse i gangen nede.

Då kvelden kom var vi ca. 20 stk samla til pizza etterfulgt av møte der Tor Kristian talte til oss om kven Jesus er.

Søndag køyrde vi til Finnsnes og var med på møte i misjonsforsamlinga der. Etterpå var det middag på Soltun.

Førstkomande lørdag er det basar på Soltun kl. 16. Hjertlig velkommen!

- Torbjørn

Ingen kommentarer: