Rolig og kjekk helg på Soltun

I helga var vi, ein del av praksisgjengen frå Fjellheim Bibelskule, på Soltun. Til saman var vi 14 stk i løpet av helga. Avslapping, vedhoggst, møte, mat og spel var noko av det som fekk prege helga.

På fredagen gjekk det i pizzabaking, speling, pizzaeting og GuitarHero.

Laurdagen var ein aktiv dag. Då blei det saga, kvista, bært og kløyvd fleire tre. Dei som ikkje var ute og dreiv skogsarbeid var inne og laga mat. På kvelden var det taco(!) som stod på menyen. Deretter følgte eit fint møte der Alf Tråsdahl snakka både om si historie på Soltun og salme 141. Etter dette var det tid for kos i preisstua. Vi, med Sofie i spissen, hadde laga opptil fleire svenske Kladdkaker. Desse kosa vi oss med utover kvelden, medan vi spelte spel og prata.


Søndagen var roleg og fin, og blei avslutta med ein god søndagsmiddag.


Her er nokre glimt frå helga:

Spele- og matglede på fredag:


Skogsarbeid, matpause, meir arbeid, taco, møte og kakekos på laurdag:







Roleg søndag:

























Det var veldig kjekt å vere på Soltun i helga!

Stor klem frå Ann-Kristin, Sofie og Ane Marte

Kommentarer

Populære innlegg