SHOPPING I HAPARANDA!


Hei, hei! På tide med ei lita oppdatering. I helga var me, Elise, Hildegunn, Ida, Christer, Lars Inge, Werner og Anne Christine som sagt i Haparanda i Sverige på IKEAshopping. Me starta turen kl 23.30 fredag kveld, og kjørte heile natta til me var framme kl 08.00. Anne Christine hadde diverse handlelister frå bekjente å oppfylle, mens andre tok det litt meir roleg. Christer og Lars Inge tilbragte mesteparten av tida i kafeen. Bilane og tilhengaren vart fylde til randen av vaskemaskin, hyller, bord, planter, lamper og mykje meir. Turen gjekk videre til Candy World der Lars Inge mellom anna gjekk til innkjøp av ein toblerone på 2 kg. Deretter køyrde me nokre minutt, over ei bru, og vips! var me i Finland, der me tok ein middag. Halvparten av gjengen bestilte seg kvar sin kebab, som skulle vise seg å komme i ganske stor størrelse. Så køyrde me den 8.5 timers lange turen tilbake. 
På søndag hadde Werner bursdag og det vart feira med grandiosa og marsipankake som Anne Christine hadde laga. Og i tillegg stakk rekruttene Jone og Benjamin innom. Det var vårt første besøk av soldater (utanom Christer og Werner då), så det var gøy.

Me ankom IKEA ein time før opning. Christer benytta anledningen til å ta seg ein liten lur...


Ferdig!
                                          


Bilene fylles





Hildegunn i Candy World


Middag i Finland
Gigakebab! Den var større enn det ser ut som!! Lars Inge var den einaste som klarte heile.


Obligatorisk bilselfie




Besøk av soldatene

                        Og så eit par bilete frå veka. Elise bakar brød og eg klipper plenen.




                                                              - Elise og Hildegunn

Kommentarer

Populære innlegg