Eittåringskurs, møtehelg på Dønna og bursdag

Hei, hei. No er me for lengst tilbake frå eittåringskurset. Då me kom heim på torsdagen gjekk det slag i slag. Ei gruppe frå Fellheim som var på turné i Nord-Troms stakk innom. Dei fekk servert eggerøre og bacon, og hadde eit vitnemøte. Det dukka også opp nokre soldater. Deretter, same kvelden forlot me (eittåringane) Soltun igjen. Me skulle til Dønna på møtehelg, der Anne Christine budde i fjor. Hanna og Jonas var også med. Turen tok 12 timer! Dei tre som hadde fått i stand møtene er: Else-Mari som er tidlegare eittåring og bestyrar på Soltun, Tanita, også tidlegare eittåring her, og Marte som er ifrå Dønna. Ellers har me høyrd rykter om at det var soldater innom i helga, og at dei hadde det fint :)


 Her er eit av dei få bileta frå eittåringskurset. Me fekk prøve oss på sumobryting.


Utsiktspunkt på Dønna.


Det var nesten vanskeleg å halde seg på beina til tider i den sterke vinden!
Hanna, Hildegunn, Katrine, Tanita og Jonas.


 Den skjønne malamuten til Marte.


Anne Christine og folka frå Herøy er klare for møte.


 Rikard, Hildegunn og Cecilie.
 Dei kom heilt ifrå Val.


 Den 29. september fylte Lars Inge 22 år og dette måtte sjølvsagt feirast!


Lars Inge gleder seg til å blåse ut lyset.




Bursdagsfeiring


Dette biletet kom med takket være Christer

- Eittåringane

Kommentarer

Populære innlegg