Rolig helg

Heisann folkens!

Denne helga har eg(Lars Inge) hatt Soltun for meg sjølv mesteparten av tida. Mange hadde allereie reist ut på øvelse og eg forventa eigentleg ikkje så mykje besøk. Laurdag ettermiddag kom der likevel tre stk innom og me koste oss med brettspel og kaffi! Då me etter kvart fann ut at tida var inne for å laga oss litt kveldsmat begynte det plutselig å strøyma på med folk. Underveis i pizzabakinga gjekk me frå å væra 4 stk til at me plutselig var 10. Likevel blei det mat nok til alle og etter maten hadde me vitnemøte og fekk dela nokre ord frå bibelen og nokre fine sangar med kvarandre.

Eg har ein tendens til å gløyma kameraet når eg er åleine, men fekk likevel tatt nokre få bilete. Så her kjem nokre (veldig) få glimt frå helga :)


Litt av gjengen som var samla i helga



Ellers er endeleg sola komen tilbake til Setermoen!! Deilig når me no går mot lysare tider!


Eg vil ynskja dykk alle ei god veke og Guds Signing!
-Lars Inge

Kommentarer

Populære innlegg