Rolig Helg

Heisann folkens!

Då er nok ei helg over og tida går som vanleg fort her i nord.
Denne gongen var det ekstra rolig på huset, og på fredagskvelden var det kun Christer, Torbjørn og meg(Lars Inge) som var her. På lørdagen stakk Christer til Narvik, Torbjørn blei med Børge på Hjerttinden og eg tok turen ut til Skjold for å reklamera litt om Soltun for rekruttane.

På kvelden kom det litt fleire og me hadde møte der Terje talte til oss ut i frå teksten når Jesaja blir kalla til profet i Jesaja 6. Kallet om å gå med Guds ord må me høyra om og om igjen, det er viktig at me får med oss! Ellers åt me pizza og koste oss med kaffi og god prat utover kvelden.

Søndagen forlot me Setermoen til fordel for Tromsø og blei med på "Semesterstarten" til Fjellheim. Der fekk me helsa på gamle soldatar, nye elevar og den gode gjengen i forsamlinga! Alt i alt ein meget fin dag!

Denne helga har me heilt gløymt vekk at me har eit kamera, så derfor blir det berre nokre fine illustrasjonsbilder som eg har tatt i dag.

I dag har Torbjørn fått veden i hus og det var 7 grader
då eg sto opp i dag, så det er vel kanskje på tide å begynna
å bruka den snart?

Men Han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på Han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår
har vi fått lækjedom.

Nokre tangentar som har vore flittig brukt dei siste åra!

Til sist vil eg ynskja dykk ein god dag og Guds fred!
-Lars Inge, Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg