INTRO-Helg!

Hei!

Denne helga har ungdomar frå regionen vore samla til INTRO på Soltun!
Dei fleste soldatane er ute på øvelse, så då var det god plass til ungdomsleir her hos oss. På fredagskvelden kom det ein fin gjeng på 17 deltakere og 8 ledere frå Bodø i sør til Alta i Nord. I løpet av helga har dei hatt møter og bibeltimar, fått god mat og mange kjekke aktivitetar. Temaet for helga var #fred og Kristian Johansen var med som talar. Alt i alt var det ei meget vellykka og kjekk helg! Og sidan bilder seier meir enn tusen ord så følger det no eit lass med bilder.

Møte på fredagskvelden 
Maj-Turi og Tobjørn fiksar snacks


Ole Bjarne kosar seg med Bli-kjent-lekar

Deltakarane ser ut til å væra godt nøgd med lekane :)

Lars Inge spelar gitar, medan Kristian er meir opptatt av sin eigen nase...

Kos med spel!

Lovsang under møtet på laurdagen

Legg til bildetekst

Kristian Johansen er som vanlig meget engasjert på talerstolen!

Gjengen er klar for uteaktivitetar




Kan sjå ut som om nokre av deltakarane prøvde seg som Cheerleadera


Bålkos på laurdagskvelden.



Til sist vil eg takka alle ledarane og deltakarane for ei fantastisk helg!

PS!
I morgon, onsdag 29.11 startar Åpen Bibelskole på Soltun! Då kjem Fjellheim med ca 20 elevar og lærarar og flyttar klasserommet til Soltun fram til Søndag. Ta gjerne turen innom! Programmet finn de her.

Gud velsigne dykk alle!
-Lars Inge, bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg