Åpen Bibelskole på Soltun

Sist onsdag kom det 15 elevar og 5 ansatte frå Fjellheim bibelskole. Dei har vore her og hatt Åpen Bibelskule fram til søndag. Dagane på ÅB har bestått av bibeltimar, god mat, diverse aktivitetar, blant anna ski, bading, speling og møte på kveldane.

Yngve L. Leine har hatt bibeltimar om tema som kristen i kvardagen, kristne sitt forhold til styresmaktene og kristne og militærtjeneste. Ingvald Andre Kårbø har hatt undervisning frå 1. Kor. og Hanna Nilsen har hatt undervisning frå Ruts bok. På kveldane har Sondre Bø og Ole Johannes Skartveit hatt møter om Bergpreika. Dei er begge andreårselevar på Fjellheim og har hatt dette som praksis.

Då helga nærma seg og øvelsen etter kvart tok slutt for soldatane dukka dei opp på Soltun. Det vart fullt hus heile helga. Fredagen var ein temakveld om "kristen og militærteneste" og på lørdagen hadde Hanna ein time frå Ruts bok og Yngve hadde ein time om "kristen i kvardagen". Etter bibeltimane var det bading i Polarbadet, skigåing, speling og avslapning. På lørdagskvelden var det song- og vitnemøte, der vi fekk dele frå Bibelen og synge ilag. På søndagen hadde Ole Johannes og Sondre to møter om Bergpreika.

Takk for ei fin helg!










































Nærmare 40 stk. til tacoen på lørdagskvelden. Kjekt!




Guitar hero var populært.







































Vil tilslutt minne om et vers som vi fekk høyre i helga.

"Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige."
Op. 1,8

Ynskjer dykk ei god veke!
-Torbjørn

Kommentarer

Populære innlegg