mandag 18. desember 2017

Julebord og julestemning


Då nærmar det seg jul med stormskritt. På grunn av diverse vasking og andre arbeidsoppgåver vart det ikkje skrive blogginnlegg sist veke, så her er eit innlegg frå dei to siste vekene på Soltun.

Sist helg var det julebord på Soltun. Då var vi ca. 40 stk. samla. Det var soldatar, Nord-Norgeteamet, praksisgjengen frå Fjellheim og andre Soltun-vener. På menyen stod det koltbord, sjokolademousse og kaffi og kaker. Alf Tråsdahl, styreleder i Soltun-styret var med oss og delte eit andaktsord.  Andreas Brennsæter og Stian Thorvaldsen stilte opp med god underholdning og kjekke leikar.
Resten av helga vart ei rolig helg med mykje avslapning. Lørdags kveld kjørte Torbjørn og Lars Inge til Skoghus leirsted for å vere med på julesamlinga til NLM region Nord. Praksisgjengen frå Fjellheim laga då til taco til kvelds og hadde song- og vitnemøte.

På tirsdag var det bibelgruppe. Vanlegvis plar det vere ei gruppe på Soltun og ei gruppe i Heggelia kapell på Bardufoss, men på tirsdag var alle samla på Soltun. Kjekt å kunne samle begge bibelgruppene av og til.

Denne helga har vore roleg. Lars Inge og nokre av soldatane har tatt juleferie, men vi var ein gjeng som var samla i helga. Lørdagen brukte vi til å rydde opp og ommøblere litt på bygget. På kvelden var det lasange og møte der Terje talte til oss. På søndag kjørte vi til Finnsnes for å vere med på møte i misjonsforsamlinga der. Etter møtet var det middag på Soltun.








































Bibelgruppe på Soltun




Bibelgruppe på Soltun
Bibelgruppe på Soltun





















Vil til slutt ynskje alle ei velsigna julehøgtid og dele eit vers frå Jesaja:

"For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste." Jes. 9,6
       
 - Torbjørn




Ingen kommentarer: