Møtehelg

Denne helga har me hatt møtehelg med Helene Kallevik og Kjell Iversen på Soltun.

På fredag kveld var det kveldsmat etterfulgt av song- og vitnemøte. På lørdag var det diverse OL på TVen, litt oppussing av gang og avslapning som stod på programmet. Då kvelden kom var det lasange som sto på menyen og Kjell Iversen kom og talte til oss.  

Søndagen var nokon tidleg oppe for å sjå OL. Helene Kallevik talte til oss på føremiddagsmøtet. Etter møtet nytta nokon høve til å gå tur, medan andre spela spel og såg OL.

Vil ynskje dykk ei god veke!
- Torbjørn 




































Kommentarer

Populære innlegg