Nytt år på Soltun!

Då er årets første blogginnlegg ute. På grunn av mykje program i januar, med oppussing, leir, administativt mm kjem det første blogginnlegget no.

Også i år var det Nyttårsfeiring på Soltun!
Totalt var det 11 stk som var innom i løpet av nyttårshelga. Sjølv om me ikkje blei så mange, hadde me nokre veldig fine dagar saman. Håkon Garvo hadde bibeltimane, me åt god mat og nokre nytte late dagar inne, medan andre såg muligheten til å få nokre fine dagar på ski så fort sprengkulda forsvann.

Dessverre så var me ikkje så flinke å ta bilder den helga, så de får nøya dykk med biletet av bibeltimehaldar Håkom Garvo og Yonas sin tegning av Jesus på duken :)



Vi starta første helga i det nye året med å få i gang arbeidet med å pusse opp møtesalen på Soltun. Fredagskvelden gjekk med til å rydde alt ut frå rommet, medan vi på lørdagen fekk tatt ned alle taklampene og malt taket med to strøk maling. Det var ein god gjeng med soldatar som var med å mala. I tilegg var Andreas, Håkon og Ole Martin frå praksisgjengen på Fjellheim med. Lørdagskveld var det møte der Ole Martin tala til oss. Søndagen vart ein roleg dag med mykje tid for avslapning og spel. På kvelden nytta nokon moglegheiten til å reise på basar på Skoghus.

Helga etterpå, 12.- 14. jan. malte me veggane i møtsalen.  Takka være mange hjelpsomme soldatar vart det måla to strøk med maling på lørdagen. På kvelden var taco og møte der Terje tala til oss. På søndagen var det ein gjeng som på reiste til møte på Finnsnes, før det var heimelaga potetstappe, hjorteskav og grønnsaker til middag.

Sist helg var det vision på Nordborg. Vision er ei møtehelg full av møter, seminar og aktivitetar.  Då tok vi turen dit og var med på det meste av programmet der. På fredagen var det møte og underholdning etterpå. På lørdagen var det volleyballcup der Soltun stilte med to lag på og det eine laget vant og det andre kom på 3. plass. God innsats! Etter volleyballcupen var det mat og seminar. Då kvelden kom var det kveldsmøte etterfølgt av underholdning. På søndagen var det føremiddagsmøte og middag.

Helga 26-28. jan. var ei innholdsrik helg. Lars Inge, Anne Christine, Tor Kristian og Christer var med som leiarar på ein konfirmantfestival, Midtnatta, på Bardufoss. Fredagskvelden var vi også ein gjeng som var med å rigga klart med lyd, lys og scene til festivalen. På lørdag var det listing av møtesalen og skifte av tak på badet på eit av romma nede. Pizza til kvelds og Terje tala til oss. Natt til søndag var vi og ein gjeng som var med og rigga ned etter konfirmantfestivalen. Søndagen var ein roleg dag.

Under er det bilder frå dei første vekene på Soltun.
- Torbjørn 
Cecilie og Håkon vasker taket før maling 
Cecilie og Håkon vasker taket før maling
Det males!





Soldatane har fått helg og har tatt turen til Soltun.

Anne Christine og Børge maler.
Torbjørn og Andreas maler.










Soldatane hjelper til med søndagsmiddagen





Slik ser det ut i møtsalen no. Neste veke kjem dei med lys i taket,
 og målet er å ta møtesalen i bruk igjen neste helg.

Dette var alt for no. Det kjem fleire bilete når møtesalen endeleg er ferdig!
Me gledar oss stort over alt som blir nytt og fint, og vil rette ein stor takk til alle som har lagt ned mykje dugnadsarbeid i desse prosjekta me no held på med!
-Lars Inge

Kommentarer

Populære innlegg