Total og fullstendig avslapping :D

Nok ein gong har me hatt ei innholdsrik helg på Soltun. Fredagen satt me og venta på soldatane, men det kom jo ingen... Litt undrande ringe eg te Robin og lure på om han ikkje hadde tenkt å komma i helga... Me sjølvsagt skulle han komma, det var berre eit problem...  Han fann ikkje bilen sin... Etter litt leiting fann han den endelig, men problemet var no at nøklane til bilen låg på kontoret, og det hadde han ikkje nøklar til... :P Så då blei det Bardufoss-tur på meg. Då eg kom tilbake frå Bardufoss med tre soldatar var det plutselig blitt folksomt på Soltun. Njål og Vegard som er blant dei nye Panser-rekruttane var endelig ferdig med beret-løpet og klar for perm, men måtte ein liten tur innom Soltun først. Jarl hadde tatt turen frå Skjold, John var hadde komme durandes i bensinslukaren sin og me var klar for Grandis og filmkveld.

Lørdagen var heller rolig, og det skjedde egentlig ikkje så mykje, men det blei ein del bordtennis, jamming i musikkroken og TV-titting. På ettermiddagen var eg ein tur til Sjøvegan og henta helgas talar Annbjørg Boge. På kvelden var det eit flott møte med litt glimt frå misjonsarbeidet vårt i Vest-Afrika.

Søndag var som vanlig veldig rolig. Eg køyrde Ida Elisabeth til flyplassen og dermed var begge ettåringane sendt på ettåringskurs på Fjellhaug i Oslo. På ettermiddagen var eg, Robin og Annbjørg nede på Barduheimen og sang, spilte og hadde ein andakt for dei gamle.

No sit eg i ståvo her på Soltun, og i og med at ettåringane har reist på kurs så kunne ein jo tru at eg satt igjen her åleine, men nok ein gong har Robin funne ut at det går like godt å lage andaktar og gjera andre ting her som på kontoret :P
Og framover kan det jo hende me husker på å bruke kameraet litt oftare og :P
Peace out og Golf Fox ;)

Kommentarer

Populære innlegg