Fjellheimbesøk og julebord

Dei to siste helgene har det skjedd mykje her på Soltun. Forrige helg fekk me på fredagen besøk av rundt 25 elever og lærarar frå Fjellheim Bibelskule som var på veg til Bodø for å ha distriktsbibelskule. Først hadde Vidar Pettersen eit seminar «Har vitenskapen motbevist Gud?» nede i kapellet i Setermoen leir, med samtale etterpå. Deretter vart dei som ville invitert til å bli med til Soltun på kvelds og kake. Det var godt oppmøte i kapellet og ein god gjeng tok turen opp. På kvelden haldt Ingvald Kårbø møte. Med så mange overnattingsgjester vart soldatane nøydd til å sova på madrassar i møtesalen, noko dei gladeleg gjorde. Med unntak av Ola og Odd Ivar som liksågreit døgna for å få seg ei seng etter at Fjellheim hadde dratt laurdags morgon.

Laurdagen var eittåringane leiarar på Lys Våken i kapellet, så då måtte soldatane klara seg sjølv. Det var møte med tale av meinig Johannes Høines, som var der den helga for siste gong før dimming.

Denne helga hadde me julebord på fredagen med 34 deltakarar. Middagen var det Anne Christine som stod for, og på menyen var det ytrefilet av svin og oreodessert. Deretter var det møte med tale av Terje, før underhaldningsdelen starta med eit songinnslag framførd av Victor og Martin. Utover kvelden var det kaker og kaffi, meir underhaldning og quiz.

Dagen etter var det annonsert pepperkakehuskonkurranse i regi av Jone og Lars Martin. Eg, Elise og Lars Inge kunne dessverre ikkje delta fordi me skulle på julebord på Skoghus. Men før det var det som alltid graut, med mandel i denne gongen. Den heldige vinnaren av marsipangrisen var Tobias. Og på søndag hadde me julekakebaking med lussekatter og pepperkaker.  




 Fjellheim er på plass

 Victor

 Birgitte hadde bursdag og måtte ta armhevingar mens folk sang bursdagssangen for ho, som det visst er tradisjon for i militæret.

 Om å gjøre å trekke det lengst mulig ut.







 Jone ser litt trøtt ut :)
























 Johannes har kapra ein flik av dobbeltmadrassen







 Julebordet





Anne Christine, julebordets kokk, og Ida

 Stian

 Ida

 Martin

 Odd Ivar og ein litt uklar Anders

 Anne Christine og Kristian

 Simon

 Anders er svært fornøyd med sin nye Soltunpatch

 Benjamin

 Jone til høgre. Og Jan Morten som var i militæret for to år sidan, og gjekk på Fjellheim med eittåringane i fjor. Veldig hyggeleg at han kom heilt ifrå Val.

 Karina kom frå Karalaks leirsted, Lakselv der ho er bestyrer. Også ein del av fjorårets kull på Fjellheim.



Victor og Martin synger "Breaking Free" frå High School Musical med stor innlevelse til tross for lite øving på forhånd.  

 Victor ikledd ein kjole for anledningen



 John og Werner i finstasen



 Kristian og Lars Martin har fått tak i kaffien

 John Isak



Lars Inge og Christer

Sju frivillige skuespillere skulle improvisere eit skodespel som Christer leste opp. 













 Ola

 ...og Elise







 Klar for senga







Pepperkakehuskonkurranse 
























 Gruppa fra Stridstrenbataljonen lagde ein 3-i-1-container og ein "12,5 kvm", og vant med det prisen for "Mest kreative"

 Vinner av "Fineste"







 Lussekattbaking

 Pepperkakebaking



Siren 



 Jone lagde eit kongemerke



Ola og Odd Ivar gadd ikkje å gå tilbake til leir søndags kveld, så dei tilbragte natta på Soltun



- Eittåringane

Kommentarer

Populære innlegg