God jul og godt nytt år! :)

No er det berre eit par timar til me på Soltun dreg heim på juleferie. Me kjem med ei oppdatering frå denne helga etter jul, så no vil me berre komme med ei lita julehelsing. Me vil takka alle dykk som har støtta Soltun dette året med bønn og giverteneste. Det er til god hjelp! Og takk til alle soldatane som har vore innom for eit fint halvår. Me håper å sjå dykk neste år også. Og så håper me at endå fleire soldater og ungdommar finn vegen opp hit. Det har vore veldig hyggeleg og motiverande med så takknemlege soldatar som viser at dei set pris på arbeidet vi gjør. Så vil me ynskje alle ei god jul og eit godt nytt år!

Vennleg helsing eittåringane :) 



Kommentarer

Populære innlegg