Mannshelg

Denne helga har det vore mannshelg her på Soltun. Det var Øivind Ruud Kringstad og Kristian Pettersen som stod i ledelsen, med Jørgen Storvoll som taler. Det kom nokre påmeldte utanfrå, og ellers blei soldatane med, og det blei sagt at det var ein bra og viktig leir. Siden dette opplegget var for det maskuline kjønn i hovudsak var eittåringane litt fråverande frå møta denne helga. Men her er det ein av deltakarene hadde å sei: «Det var ei helg der ein sette fokuset på korleis å vere ein skikkeleg mann etter Guds prinsipp! Her var det ikkje fokuset på å få best jobb, eller finast bil, men å vere eit menneske som gir av seg sjølv til andre! Gjennom samlingar og samtalar fekk vi lære litt av kva utfordringar som følgjer med det å vere ein mann, og korleis ein kan sjå vekk frå fortida, og rette blikket framover. Mykje handla om å ta eit oppgjer med kven ein er, og leve målretta, med gudsrelasjonen som det viktigaste.»  

- Eittåringane

Bilete frå den første samlinga




 Jone fekk seg ein midlertidig hanekam



 Tor Ådne er fornøgd med mannshelga








Deltakarane

Kommentarer

Populære innlegg