Ei helg utan tilsette på Soltun

Denne helga reiste eg(Lars Inge), Ida Elisabeth, Anne Christine og Gustav til NLM Region Nord sin Regionkonferanse på Grøt
avær fort på Grytøya. Det har vore strålande vær, stort sett over 20 grader og Sol! Der har me verkeleg kosa oss med gode møter kor Asbjørn Kvalbein var talar i tillegg til Bryggesang og godt sosialt samvære! Robin reiste til Oslo laurdags morgon og sit i akkurat no i eit eksamenslokale på Fjellhaug. Dermed blei altså soldatane åleine igjen på Soltun. Kva dei har gjort på i helga veit eg eigentleg ikkje, men ut frå bildene på Soltunkameraet ser det ut som om dei har kosa seg!

Her er ein del av gjengen på vei heim frå regionkonferansen
Du ser Grytøya i bakgrunnen.(Foto stjålet frå NLM i Nord si facebookside)

Plenen blei klypt og nokre stygge gamle busker blei fjerna på torsdag!

Platten nedanfor plenen blei rydda for småskog og me gleder oss til å kunne ta i bruk dette området også :)

Nydelig vær til å jobbe ute i på torsdagen :)

Fredag etter eg hadde dratt blei tydeligvis finværet nytt på Soltun også.

Selfiekongen slår til igjen!

Christer slappar av på sofaen.(Usikker på kvifor bildet havna denne veien, men det får væra..)

Johan har funnet seg godt til rette i TV-Stova

Børge med Erlend i bakgrunnen var også ein tur innom.


Espen er også på plass

Kva som skjer her er meget usikkert, men eg mistenkjer at det er ein selfie på gang.. :P

Tor Ivar fann også veien til Soltun :)
Vil ynskja dykk alle Guds signing!
Helsing Lars Inge, Bestyrer

Kommentarer

Populære innlegg