Vraking av Soltunbilen og rolig helg

Heisann folkenes!

Då var det min tur å tilbringa litt tid åleine på Soltun. Men veka har gått fort uansett ;)
Tysdag tok eg og Møyfrid turen til Sørreisa. No var det tid for å levera Soltunbilen til vraking :( Litt trist, men det var nok på tide at den fekk sin ende. Den har no kjørt 16 år i "Misjonens tjeneste" og var nok ikkje lenger den mest trafikksikre eller beste bilen å kjøre.
Onsdag og torsdag var det medarbeidersamling på Nordborg og Skoghus. Der var me samla ein god gjeng tilsette i Region Nord av NLM. Herlig gjeng som alle er med å jobbar for å få spreidd Jesu navn ut til folket i regionen vår!

Helga var ganske så rolig. Laurdagskvelden kom der ca 10 stk. Me åt Taco og hadde ei fin nattverdssamling i saman. Eg fekk dela nokre ord frå Apostelgjerningane 8 om Filip og Hoffmannen. Resten av kvelden forsvann fort i lystig lag og ein god del kaffikoppar. På søndagen var me ein gjeng som for til Finnsnes på møte i misjonsforsamlinga der, medan nokre tok turen til Målselv Kirke. Då me kom tilbake lagde me Lasagne og hadde ein spennande runde med Millionær(Brettspill).
Bilete frå helga har eg dessverre ikkje. Av den enkle grunn at det vanlegvis ikkje er eg som pleier  å ta bilete, så når det no blei mitt ansvar så gjekk det rett i gløymeboka...


Eitt siste bilete av Soltunbilen på parkeringa til bilopphøggeriet i Sørreisa.

Til slutt vil eg ynskja alle ei velsigna veke og invitere dykk til å ta turen innom kva tid som helst ;)

Helsing
Lars Inge, Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg