Arbeidshelg

Heisann folkens!

Denne helga har det vore ein god del soldatar på Soltun. Eg (Lars Inge) har vore åleine på jobb denne helga, men det har likevel blitt gjort mykje her! (Ikkje takka være meg)

Fredagskvelden blei meget sløv. Me åt grandis, slappa av og gjorde stort sett lite. Sist på kvelden måtte eg ein tur til Bardufoss for å henta John "TT-legende" Gard som har ei veke ferie her oppe no.

Her sit John utålmodig å ventar på at eg skal bli ferdig med
fotograferinga slik at me kan venda tilbake til kaffikoppen ;)
På laurdagen stakk eg av til Tromsø med Chorus Borealis som skulle synga der. Eg hadde sagt til soldatane at dersom dei ville gjera noko på laurdagen var der alltids litt utearbeid, men det synet eg møtte då eg kom tilbake hadde eg ikkje venta... Du verden for ein arbeidsgjeng. For dei som har sett innom Soltun dei siste åra har det vore ganske overgrodd rundt her, men slik såg det ut då eg kom tilbake:
Den nederste flata tok eg, Robin og Ida Elisabeth i forrige veke.
Men no såg det fint ut litt inn i skogen også.

Fin liten haug til St.Hans-bål

Mellom bestyrerboligen og Soltun er det blitt ei heilt ny verd!
Tusen takk til alle som var med og hjelpte til!!!

På laurdagskvelden var det møte. Terje talte, Joakim (Flystudent på Bardufoss) leda, og Gaute (Tidl. soldat) hadde ansvar for det musikalske (Med god hjelp frå Johan (Artillerist)).

Søndagen var nok ein rolig dag. Eg spelte på ei konfirmantgudstjeneste på morgonen, deretter blei det middag og avslapping på Soltun. På ettermiddagen drog eg og John på møte i Finnsnes Misjonsforsamling.

Litt av gjengen på laurdagskvelden.

Gustav, Espen, Erlend og Torbjørn spelar Sequence. 

Til slutt vil eg ynskja dykk Guds signing og takka alle dykk som er med oss i bøn!
-Lars Inge, Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg