Total Avslapning!

Då er nok ei helg over og det nærmar seg sommarferie og dimisjon for både soldatar, ettåringar og bestyrar :)
Tida fram mot sommaren har gått utruleg fort, no er det berre 2 veker igjen til ferien :)

På torsdag var det St.Hans og det fann me ut at måtte feires. Men etter at beskjeden frå Brannvesenet var klar om at bål i byggefelt ikkje kom på tale, så blei det nedskalert til bålpanne på gården hos foreldra til Anne Christine. Det var veldig kjekt å få væra der. Me grilla pølser, spelte kubb og koste oss skikkelig. Me fekk ikkje brennt opp allt rasket som ligg igjen etter skoginga på Soltun, men det får me nok kjørt vekk ein annan gang.
Gustav, Anne Christine, Erlend og Espen i aksjon. 

Denne helga har underteikna vore åleine på jobb. Og det har heller ikkje vore så veldig mange soldatar her. Fredagskvelden var det kun Torbjørn og Erlend som kom, men det gjorde ingenting. Me hadde ein skikkelig bra kveld med grandis og brettspill til ut på natta!
Neste dag var naturlig nok alle litt seint oppe, og etter å ha fordøydd frukosten var det på an igjen med brettspill. Helgas slager har vore Carcassonne. Ut på ettermiddagen kom det fleire og me var vel ca 11 stk til laurdagens kvelds som blei hamburgerar og pølser. Etterpå såg me ein andakt frå fjorårets UL med Christian Lilleheim. Den kan absolutt anbefalast!
Søndag blei nok ein rolig dag. Det var no blitt reine sommaren utendørs, så me tilbrakte ettermiddagen ute med kubb og radiostyrt bil. Seinare på ettermiddagen gjekk me oss ein tur ned til Patricias og kjøpte Softis. Etterpå var det fotball-EM og pizza på programmet.

Christers radiostyrte bil måtte sjølvsagt testes skikkelig..


Hopp fekk den også prøva seg på.

Gjengen sit fornøgde med pizza frå Patricias og ser EM

Ikkje alle som er heilt einige om underholdnigsverdien på
fotball. Dermed blei det sjølvsagt litt diskusjon mellom
Christer, Anne Christine og Lars Inge.
     

Klar for søndagsmiddagen!
Alt i alt har me hatt ei fantastisk helg.
Men no seier eg takk for meg og går ut i Sola! I dag har det vore oppe i 28 varmegrader, så då må det nytast utendørs :)

Lars Inge
-Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg