Nye soldatar!

Heisann folkens!!

Nok ei helg har passert, og det er nesten skummelt å sjå kor fort tida går no utover hausten. Mykje som skjer kvar einaste veke og mange kjekke arrangement.
Denne helga fekk me besøk av nokre nye soldatar som ikkje har vore her før. Alltid kjekt når det kjem nye folk!
Fredagskvelden gjekk veldig fort i brettspill og god prat. Me hadde ein god kvelds og som vanleg gjekk det med ein del kaffi.
Laurdagen var me ikkje så veldig mange her frå morgonen av, men det blei ein bra dag likevel, me spelte brettspill og starta på ein ny gjennomgang av "Band of Brothers"(miniserie fra HBO frå 2. verdenskrig) før det var tid for å laga til kveldsen og endå fleire kom ramlande inn dørane.
På møtet var me ca 12-13 stk som fekk høyra Andreas Brennsæter snakka om Jesus i GT og oppfylte profetiar. Meget givande å høyra på!

På søndagen var me to bilar som køyrde av gårde til Finnsnes og var med i misjonsforsamlinga som hadde sitt årlige besøk i Metodistkirka. Utruleg flott å kunne samlast ein slik stor gjeng å ha gudstjeneste i lag!

Her kjem litt bilder frå helga og veka som har gått:

Andreas, Andreas og Roald som ser på Band of Brothers


Ein god gjeng i stova på laurdagskvelden


Eit lite bilete frå Soltunbilen sist veke, den måtte jo merkast før den blei vraka :P


Ei stund tilbake oppdaga me litt mistenkelig oppførsel i skogen utanfor Soltun.
Vurderte å rapportere inn til forsvaret, men det kom fram at det berre var ein
radioamatør som fortvila prøvde å få opp ei antenne(Gjett kven... :P )

Vil ynskja dykk alle ei velsigna ny veke!

-Lars Inge
Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg