Då er me i gang!

Merkelig kor stille Soltun er når ein er her heilt åleina... No sit eg på kontoret og ventar på dei nye ettåringane som kjem i dag. Det har vore nokre stille dagar her i starten og eg gleder meg virkelig til å få fylt opp huset igjen :D Allerede til helga kjem det soldatar som er kommen tilbake etter sommarferien :) Eg gleder meg virkelig til tia framover sjølv om det nok blir mykje og setta seg inn i. Eg er veldig glad for å ha fått denne jobben, for eg veit kor viktig Soltun er. For snart to år sidan kom eg sjølv opp til Setermoen som soldat. Og eg lurer virkelig på korleis det skulle gått det året utan Soltun.

Er du i nærheten så må du gjerne ta turen oppom for ein kopp kaffi ;)

God bless!
Lars Inge Stautland
Bestyrar

Kommentarer

Populære innlegg