Helg!

No har begge ettåringane fått presentert seg her, så då tenkte eg kanskje at da va min tur :P Dei av dåke som lese Gi Akt! kjenne meg nok litt frå før, men te dåke andre, detta e meg:




Eg hette Lars Inge Stautland og kjem frå Bømlo heilt sør i Hordaland. Ei øy uti havet med god utsikt og fin natur. Eg flytta derifrå då eg va 15 og og gjekk tre år på Lundeneset VGS i Ølensvåg, deretter hadde eg eit veldig bra år her oppe i Artilleriet før eg tok turen tilbake til vestlandet og Bildøy Bibelskule på Sotra. Eg e veldig glad i musikk og tilbringe ganske mykje tid med pianoet, eller andre instrument.

Men nok om meg, nok ei veke er forbi og også denne helga hadde me det veldig fint. Det var mange soldatar innom og stemningen va på topp :)

Som vanlig er dei ikkje så vanskelige å aktivisere dei og det blei togbygging, kaffidrikking, golf og div anna.

Lørdagen var det bataljonspresten i Sambandsbn. Stian Heggedal som hadde andakten.
Søndag stod (nokon) av oss opp tidlig, hadde ein god frukost og for til Heggelia på gudstjeneste før det etter kvart blei ein god norsk middag med kjøttkaker og ertestuing :)
Peace out :)
-Lars Inge

Kommentarer

Populære innlegg