Roadtrip, konsert, soldatweekend og anna gøy :D

Er visst litt sein med blogginga denne gongen :P
Men me kan jo begynne med forrige torsdag, for då fann eg, Hanne og Robin ut at me hadde lyst på konsert med Paul Colman, einaste problemet var at konserten fann sted i Nordlyskatedralen i Alta, altså ein kjøretur på ca 6,5 timar kvar vei. Etter kvart fann me ut at dette egentlig ikkje var noko problem og me sette av gårde. Her er litt bilder frå turen:
                                                         God mat underveis

                                          Plutselig snøfall på vei over fjellet mot Alta

                                           Gira gjeng :D

                                          Min og Robin's første tur til Finnmark :D

                                         Robin snik seg opp på scenen for å ta bilde...

                           Nåke som blir lagt merke til og resulterer i dette bildet. (Han hadde fått                                                  beskjed om å ta nokon bilder frå scenen)

                                         Nokon som aldri er fornøyd med vanlige bilder...

                                                                               ...

                                               Utanfor Nordlyskatedralen, klar for heimtur.

I helga var det klart for soldatweekend. Og me var ca 15 stk her. Fredagen starta med god kvelds, jentene laga nachos :D Etter kvart blei det film med popcorn i kremmerhus og diverse i møtesalen.

Lørdagen fekk eg besøk av ein kamerat frå Bømlo og dagen gjekk med til avslapping, brettspel, fifa, og diverse for både oss og heile gjengen på soldatweekend, etter nok ein god kvelds var det tid for møte. Denne gongen var det til og med band til lovsangen :) Søndagen var som vanlig ein meget slakk dag, og sjølv om eg og ettåringane stod tidlig opp for å laga god frukost med eggerøre og diverse tok det lang tid før me såg nokon av soldatane... Te og med Robin som hadde bestilt frukosten måtte dragast opp av senga :P Også denne dagen gjekk med til brettspel, og avslapping. Utpå ettermiddagen hadde Robin laga quiz, på den stakk eg, Dan Petter og Karl Johan av med seieren. På kvelden var eg med Chorus Borealis og hadde konsert i Målselv-"kjerka".

Her er litt bilder frå Soldatweekend:









No sit eg i ståvo på Soltun og kikkar ut på eit nydelig vêr, reine postkortmotivet!

Det var alt for i dag ;) Ha ei god helg.
God bless og peace out!
-Lars Inge

Kommentarer

Populære innlegg