Besøk av NN-Teamet og møtehelg

Hei!

Denne veka har me hatt besøk av NordNorge-Teamet og i helga har me også hatt besøk av Helene Kallevik som hadde praksis frå BOF-Klassen på Fjellheim.

Mandagen var teamet med inn i leiren og fekk væra med på gudstjeneste der. Tysdagen starta me opp med bibelgruppe på Soltun igjen etter ferien. Då fekk teamet ansvaret for innholdet.

Då eg(Lars Inge) kom opp på Soltun på fredagen skjønte eg at det ikkje kom til å gå heilt upåakta hen at eg hadde bursdag den dagen. På veggen hang det eit svært banner og på bordet sto frukosten klar. Til middagen hadde dei til og med ringt heim til mamma for å finne ut kva som er min favorittmiddag. Så dermed må eg få sei tusen takk til teamet(Anita, Helene N, Håkon, og Joachim), Torbjørn og Helene K for ei fantastisk bursdagsfeiring!



På kvelden var det vitnemøte, og det var ein god gjeng som dukka opp! Takk til alle som delte og var med!

Etter vitnemøtet og møtet på laurdagen hadde jentene i teamet
laga til bønnevandring.



Laurdagen starta med at dei fleste av oss tok ein liten tur over helga på BilCross(Vrakrally). Det var ein veldig kjekk dag der fleire av dei som var med fekk sjå det for første gang.

På kvelden tok teamet over styringa på møtet. Anita leda, Helene hadde ein åpning, Joachim, Håkon og eg spelte til sangen og Helene Kallevik talte til oss. Det blei ei veldig fin stund!
Søndagen var det møte kl 11.00. Joachim talte og Helene K. hadde regien på møtet. Ein fin avslutning på møtehelga! :)
Utover dagen blei det grilling, Guitar-Hero, og mykje god prat og kaffi.

Denne søndagen måtte folk fiksa middagen sin sjølv.

Men det ser ut som om gjengen er godt nøgd med maten likevel.
Skikkelig rockeband som er klar for konsert!


Og ein sangar som også vil væra med.. :P

Til sist vil eg retta ein stor takk til NN-Teamet som har lagt ned ein stor innsats og vore til stor glede for oss på Soltun denne veka! Takk til Helene som ville koma og ha møte for oss i helga og takk til alle som kom og var saman med oss i helga!

Vil ynskja dykk alle Guds Signing!

-Lars Inge, Bestyrar





Kommentarer

Populære innlegg