Grøftegraving og mixepult


Hei! 

Sist veke på Soltun blei mellom anna brukt til grøftegraving. Vi leigde ein gravemaskin og grov ei grøft på oppsida av Soltun for å drenere bort alt vatnet som kjem når snøen smeltar.

På fredag, då grøfta var groven starta Christer og eg(Torbjørn) med å bygge teknikerpult til møtesalen på Soltun. Eit prosjekt som Christer har planlagt i lang tid. Lørdagen gjekk og med til å bygge teknikerpult og medan vi bygga var Anne Christine, David og Lars Inge på bilcross, der dei vart med som flaggvakter. 
Då kvelden kom var det tid for lasange og etter det var det møte der Øivind Kringstad talte til oss om den lamme mannen som blei boren til Jesus. Etter møtet var det kaffi og drøs i kjent Soltun- stil. 

På søndag morgon køyrde vi til Finnsnes og var med på møte i forsamlinga der. Etter møtet var det fjelltur til Orta (654. moh., rett bak Soltun) for nokon, medan andre nytta høve til å slappe av. Etter tur og avslapping var det middag. 

Takk for ei fin helg! Ynskjer dykk ei god veke! 
-Torbjørn 

Me haldt på godt utover torsdagskvelden

På fredagen bestod mykje av arbeitet i å bli kvitt massen
me hadde grove opp dagen før.















Kommentarer

Populære innlegg