Heimelaga pizza og Ungdomsmøte på Finnsnes

Hei!

Nok ei veke har gått, og som vanlig går dei veldig fort. Siste veka har Torbjørn vore heime på "perm", så då har det tidvis vore passe travelt her. I helga kom det ein fin liten gjeng med folk som overnatta. Fredagskvelden kom Aardalsbakke med ideen at me kunne laga heimelaga pizza, og slik vart det. Ellers gjekk kvelden med til film og prat.

Kom heldigvis på å ta bilde før heile pizzaen var borte.. :)

På laurdagen stakk dei fleste som var her ned i svømmehallen. Eg laga graut til dei kom tilbake og fór så ned i kyrkja for å spela i ein bryllupsvelsignelse. På kvelden reiste me til Finnsnes og var med på "Inside" der. Ein god gjeng med ungdomar var samla og me fekk god forkynnelse om bibelens troverdighet av Øivind Kringstad!

På søndagen stakk nokre av oss tilbake til Finnsnes for å væra med på møtet der, medan andre nytta muligheten til å sova lenge og blei igjen på Soltun.
På ettermiddagen laga me gryterett til middag og blei sittande framfor TV'en i litt for mange timar.. Utpå kvelden kom Anne Christine og Andreas innom og åt kveldsmat saman med oss.



Takk til alle for ei flott helg, og ha ei god veke! 
Gud velsigne dykk!

Kommentarer

Populære innlegg