Første snøfall!

Denne helga reiste ein del av soldatane til Tromsø, noko som førte til at me ikkje var så mange igjen her, men me blei ein god gjeng for det! I tillegg har me fått vinterens første skikkelige snøfall og me har fått eit nydelig kvitt teppe utanfor dørane våre. Eg(Lars Inge) syns eigentleg at det berre er koselig, sjølv om ikkje alle gjerne er like einige.. Mulig at nokre av soldatane som faktisk må springe rundt i skogen kunne tenkt seg at snøen venta ei stund til med å koma. Men når det er fyr i peisen og godt og varmt inne så er det berre fint med litt snø ute.



Her på Soltun har me kun to typar laurdagar, enten så er det full rulle med mykje arbeid og ting som skjer heile tida, eller så tilbringer me heile dagen på sofaen. Denne helga gjekk me for den siste typen. Det var kun eg, Torbjørn, Hanna og Cecilie som var her så dagen gjekk med til å sjå på TV og spela brettspel. På ettermiddagen laga me litt pizza, og heldigvis blei me litt fleire utover kvelden!





På møtet var me ca 10 stk og Øystein talte til oss om Noah.
Talaren Øystein Hitland


Det var fleire som var på møtet, men frå min plass bak
mixepulten så var desse dei einaste eg fekk skikkelig bilde av.

På søndagen reiste ein gjeng til Finnsnes på ettermiddagsmøte, medan eg måtte bli igjen her sidan eg skulle spilla på Bardu Kulturråd sin Høstkonsert. Det blei ein fin kveld både på møte og konsert.

Til sist vil eg minna dykk om at det er møtehelg igjen no 3.-5. november. Det kjem ei gruppe frå Fjellheim som har ansvar for møta og Helene Kallevik og Ole Johannes Skartveit er med som talarar.
Ta gjerne turen innom og ta med nokre vener! Viss du ikkje har mulighet til det så kan du væra med i bøn for helga og soldatane her i Indre Troms!

Vil ynskja dykk Guds signing over veka!
-Lars Inge, bestyrar



Kommentarer

Populære innlegg